Bømlo turlag
Bømlo Turlag arrangerer mange ulike turar i løpet av sesongen. Her er lokale felles-turar, lengre dags-turar/fjell-turar og overnattings-turar. På dags-turar er det vanlegvis berre å møta opp på angitt stad. Overnattings-turar krev alltid påmelding.
Barnas turlag
Barnas Turlag er eit tilbod til barn og barne-familiar. Barnas Turlag Bømlo inviterer til ulike ute-aktivitetar heile året. Dei legg til rette for aktivitetar i friluft og positive natur-opplevingar. Her treff ein andre barne-familiar, og barna kan glede seg over å treffe andre barn på tur. Barnas Turlag arrangerer mellom anna dags-turar i nærområdet, hytte-turar og fiske-turar.
Bømlo Frivilligsentral
Bømlo frivilligsentral er ein lokal møteplass, open for alle som har lyst til å bli kjent med andre, eller vil bidra innan frivillig arbeid.
Jenter på tur
Ein gong i veka samlast damer i alle aldrar på Røde Kors Huset. Alle som vil, kan vera med. Kle deg etter vêret og ta med litt å ete og drikke.
Stavgruppe
Vil du gå tur med stavar? Då kan du vere med stavgruppa vår på tur! Damer i alle aldrar samlast på Røde Kors Huset og går på tur derifrå. Kle deg etter vêret og ta med litt å ete og drikke.
TURTIPS

Utsikt mot Raunavatnet. Foto: Ken Helge Stavland
Svortland: Lysløype til Fet
⌛ Ca 45 minutt
㎞ Ca 4 kilometer
Frå Svortland skule går det ein grus-sti inn til Raunevatnet. Denne turen er lett og tilgjengeleg for dei fleste, også rullestolbrukarar. Det er lys langs heile stien, så du kan også gå her når det er mørkt.
Ved Raunevatnet er det to område med gapahuk. Her er det fint å ta ein pause og barna kan leika.
I nærleiken er det eit område med «Tarzanløype». Der kan barn og unge klatra og balansera på tau og hinder som er festa i skogen. Både barn og vaksne kan trene på «Knutahaugen». Her er det mange utandørs treningsapparat.
Topptur: Siggjo
⌛ Ca 2 timar
㎞ Ca 2,5 kilometer
Siggjo er eit populært turmål på Bømlo. Det er det høgste fjellet på Bømlo og frå toppen opplever du ei fantastisk utsikt. Du kan sjå heilt til Bergen og Haugesund dersom det er klårt vêr.
For å komma til startpunktet, følgjer du hovudvegen. Det er gang og sykkelsti langs mesteparten av vegen frå både Svortland og Moster. Du kan også ta buss, sjå skyss.no for oppdaterte bussruter.
Bremnes: Grimsfjellet, Vardafjellet og Mælandssåto
⌛ Ca 2,5 time
㎞ Ca 7,5 kilometer
Frå Svortland skule kan du gå ein fin tur i utmarka. Turen passar for deg som vil gå i frisk natur. Nokre plassar kan det vera vått dersom det har regna, så bruk gjerne støvlar eller vanntette joggesko.
Det er tre «toppar» på denne turen: Grimsfjellet, Vardafjellet og Mælandssåto. Løypa er godt merka, men det er fleire alternative ruter, så følg skiltinga.
Fleire turar
Sjå ut.no for å få inspirasjon til fleire turar.