MUSIKK OG KULTUR PÅ BØMLO

Bømlo Kormix

Bømlo Kormix er ein gjeng glade songarar som møtest kvar tysdag til øving på Bømlo vidaregåande skule. Me syng svært variert repertoar under leiing av dirigent Maria Malmsten.

Bømlo Teater

Bømlo Teater arbeider for at både barn, unge og vaksne skal få oppleve og erfare musikk, song, dans og drama. Gjennom større og mindre oppsetjingar får medlemmane utvikla evner i eit miljø prega av høg kunstnarleg kvalitet.

Bømlo teater har plass til mange frivillige i ulike funksjonar også bak scena, frå vaffelsteiking til kostyme-sying og snekring.

Havdur

Havdur er eit mannskor, med ca 30 medlemmer. Dei syng tradisjonelle norske songar og litt på engelsk. Øvingslokale er Ungdomsheimen på Svortland.

Bømlo Soul Children

Bømlo pre soul children er eit barnekor som øver i Bremnes kyrkje. Det er to grupper, ei for 1.-3. klasse og ei for 4. klasse og oppover.

Bømlo Kystlag

Bømlo har mykje kystkultur og historie å by på, i tillegg til ein fantastisk skjergard. Kystlaget sitt formål er å ta vare på kunnskap, handverk, historie og tradisjonar tilknytt den lokale kystkulturen. Laget har også ei ungdomsgruppe som blant anna mekkar motorar.

Vil du vera med og bevara Bømlo sin rike kystkultur, er du hjarteleg velkommen som medlem!