FRIVILLIG PÅ BØMLO

Å vere frivillig
I Norge utfører dei aller fleste innbyggjarane frivillig arbeid. Det er arbeid som blir utført for andre, utan at ein får lønn.
I lag og organisasjonar på Bømlo er det nesten berre frivillig arbeid. Det er berre dei største laga som har tilsette som får løn.
Du kan gå inn på frivillig.no for å lese meir om det å vere frivillig – og for å engasjere deg.
Bømlo Frivillig-sentral
Bømlo Frivillig-sentral er ein organisasjon som jobbar for at fleire skal bli frivillige. Du kan kontakte dei dersom du har lyst å delta på nokre av aktivitetane deira. Eller dersom du vil melde deg som frivillig. Dei blir veldig glad om du tek kontakt.