Bømlo symjehall

På Bømlo har me ein stor og fin symjehall. Symjehallen ligg på Svortland, mellom Bremnes Ungdomsskule og Bømlohallen.

Det er to basseng i symjehallen. Det minste har ein svært behageleg temperatur på 32 grader celsius. Det store er eit trenings-basseng, som også har hoppetårn og stupebrett.

Symjehallen held høg standard og alle er velkommen, enten du er aktiv symjar eller du berre ønskjer leik, moro og ein sosial arena.

Garderoben har låsbare skap og dusjane er individuelle og lukkbare.

Opningstider og prisar finn du på: bomlosymjehall.no

Hjarteleg velkomen!