
Ord og uttrykk som kan vere vanskelege å forstå
Medlem er personen som er del av eit lag/organisasjon.
Lag er ei gruppe menneske som er saman om ei interesse eller aktivitet. Andre ord som kan bety det same er foreining, gruppe og klubb. For eksempel eit fotballag eller ei turgruppe.
Organisasjon er ei samling av lag. For eksempel eit idretts-lag eller ein turorganisasjon.
Dugnad er når medlemmene jobbar gratis for laget. Det kan vere for å rydde og vaske i lokalet til laget, tene pengar til laget eller å leie laget sine aktivitetar. Fotball-trenarar for barn og leksehjelparar jobbar dugnad, det vil seie utan betaling.
Påmelding er at du må gje beskjed at du kjem. Mange arrangement og samlingar har begrensa plass, eller det er matservering. Då må ein vite kor mange som kjem. Ofte kan det vere påmeldingsfrist. Då må du melde deg på innan den datoen. Eit anna ord som blir brukt kan vere registrering .
Medlems-kontingent – også kalla medlems-avgift. Det er ein sum som alle medlemmene må betale til laget. Pengane går til å betale laget sine utgifter, slik som husleige, mat og materiell. Det er laget sjølv som bestemmer kva beløpet skal vere. Ofte er det styret som bestemmer dette.
Styret er leiarane i laget. Dei bestemmer på møta sine (styremøte) kva laget skal gjere. Styret kan for eksempel bestemme at det skal vere ei samling med temaet «Lokale kunstnarar». Så skal leiaren utføre arbeidet. Styret blir valgt av årsmøtet.
Leiaren er den (eller dei) som sørger for at det som styret har bestemt, blir gjort. Dei kan gjere det sjølv, eller få andre til å gjere det. Leiaren er den som bestemmer i laget, mellom kvart styremøte.
Årsmøtet er eit møte som alle medlemmene i laget har rett til å møte på. Her vel ein dei personane som skal vere i styret og ein godkjenner årsmelding og rekneskap.
Årsmelding er styret sin oppsummering av kva ein har gjort eit år.
Rekneskap er ei oversikt over kva laget har brukt pengane sine på.
NB! På kjektilag.no er ein del sammensatte ord delt med bindestrek. For eksempel «fotball-trenar» og «medlems-avgift». Det korrekte på norsk er å skrive dei saman (fotballtrenar og medlemsavgift). Me trur at sida med dette vert lettare å lese for deg som ikkje har norsk som morsmål.