BARN & UNGDOM PÅ BØMLO

Bremnes Idrettslag
Mange barn og unge er med på idrett – som fotball, turn og friidrett. Bremnes idrettslag er det største laget på Bømlo. Om lag 700 barn og unge under 26 år er medlemmer. Idrettslaget held til på Sentral-idretts-anlegget. Barn betaler redusert medlemsavgift.
Røde kors
Førstehjelp og Friluftsliv – RØFF
RØFF er for ungdommar mellom 13 og 17 år. Medlemmane i RØFF får livsviktig kunnskap om førstehjelp og ferdsel i naturen. Det er for dei som vil ha eit spennande og aktivt fritidstilbud. Det er voksne leiarar som hjelper til, men det er ungdommane som bestemmer kva RØFF skal vera.
Multimix
Multimix er ei aktivitetsgruppe for ungdom mellom 16 år og 30 år. Det er for dei som ønsker å delta i eit felleskap, og bli kjent med andre ungdommar. Multimix har eit variert program, for eksempel bowling og spel-kveldar, kultur-kveldar, matlaging og mykje anna kjekt.
Leksehjelp på biblioteket
Vil du vere saman med andre når du skal gjere lekse? På biblioteket kan elevar på ungdomsskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring få hjelp med skulearbeidet frå kompetente frivillige. Det er Røde kors Leksehjelp som har dette tilbudet.
Språkkafè
Anna kvar veke er det Språkkafé. Det er ei samling for alle som har lyst å snakke norsk, bli kjend med nye menneske og lære noko nytt. Ta gjerne kontakt om du vil bli språkvert.
Bømlo Soul Children
Bømlo pre soul children er eit barnekor som øver i Bremnes kyrkje. Koret har to grupper, ei for 1.-3. klasse og ei for 4. klasse og oppover.
Ten Sing
Ten Sing er eit kristent ungdomsarbeid med mange ulike aktivitetar: kor, band, dans, drama, teknikk, styrearbeid, video og nettsidearbeid. Det er ein plass der alle blir inkludert og får muligheit til å delta. Ten Sing er for ungdom i aldersgruppa 13-19 år.
EvoLAN (data)
Er du interessert i data og gaming? EvoLAN er for datainteresserte ungdommar. Dei lagar arrangement og sosiale samlingar for ungdom. EvoLAN vil auke datainteressa på Bømlo.
Bømlo Teater
Bømlo Teater arbeider for at barn og unge skal oppleve og erfare musikk, song, dans og drama. Gjennom større og mindre oppsetjingar får medlemmane utvikla evner i eit miljø prega av høg kunstnarleg kvalitet.
Bømlo teater har plass til mange frivillige i ulike funksjonar også bak scena, frå vaffelsteiking til kostyme-sying og snekring.
Barnas turlag
Barnas Turlag er eit tilbod til barn og barne-familiar. Barnas Turlag Bømlo inviterer til ulike ute-aktivitetar heile året. Dei legg til rette for aktivitetar i friluft og positive natur-opplevingar. Her treff ein andre barne-familiar, og barna kan glede seg over å treffe andre barn på tur. Barnas Turlag arrangerer mellom anna dags-turar i nærområdet, hytte-turar og fiske-turar.